Oversikt hjelpe- og støttetenester rus og psykisk helse

Klikk for stort bilete helsenorge.no   Her er ei oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med om rus og psykisk helse.

No er vi i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda er stengde, og dagleglivet vert endra drastisk. Vi vert tvungne til å bruke mykje meir tid heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før kan få det enda vanskelegare no. Då er det viktig å vite at ein kan få hjelp.

 

Til deg som er ung

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon som du kan stole på. Sjølv om skulen er stengd, så er læraren din fortsatt på jobb og tilgjengeleg for deg.

I tillegg fins det fleire muligheiter til deg som treng nokon å snakke eller chatte med. Vi har samla nokon her:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er døgnope i samband med korona-situasjonen.

  • BaRsnakk

Er eit chattetilbud til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag kl. 17.00-20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet vert drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukarar.

  • Kors på halsen

Eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende mail. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på dette forumet.

  • SnakkOmPsyken.no

Dette er Blå Kors sin chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. Opningstida er måndag-torsdag frå 09.00-21.00, fredag frå 09.00-15.00, og søndag frå 15.00-21.00.

  • UngPrat.no

Samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag 09:00-21:00.

 

Til deg som er bekymra for eit barn

Når samfunnet vert stengt ned, så mister barna våre kontakt med nettverket sitt i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og veiledning:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale nødnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell og har ope heile døgnet i samband med korona-situasjonen.

  • Voksne for Barn

Tilbyr rådgjevingsteneste for deg med spørsmål om barn og unge der du kan sende inn spørsmål skriftleg, og få svar frå ein fagperson.

  • Barnevernet.no

Tilsette i barnevernet er inkludert i gruppa for samfunnskritisk personell under koronakrisen, for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernvakt og barnevernteneste i alle kommunar, og korleis du skal melde di bekymring til barnevernet.

 

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du synes det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller trenger hjelp for å være en god forelder, er det fleire gode tilbod til deg.

  • Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123

Hjelpetelefonen til Mental Helse, er ein gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym, og dei har taushetsplikt. Dei har også ein chat på sidetmedord.no.

  • Kirkens SOS

Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon enten på telefon, på melding eller chat. Ein kan ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er ope på kvardagar kl. 18.30 – 22.30, og det er heilt anonymt.

  • Foreldresupport

Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, veiledning eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Den vert driven av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).

  • Vold- og over­greps­linjen 116 006

Er ein døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym. 

  • Anonyme Alkoholikere (AA)

Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler erfaringa si, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sine felles problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770, ope måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00)

  • Rådgjevingstelefon for pårørande

         Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og rus. Dei tilbyr rådgjeving om pårørande sine rettar og                 behov, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no. tlf 22 49 19 22

         Dei har og ein chat for unge: http://piosenteret.no/pio- ung/chat.html

 

  • Ifengsel.no er " en chattjeneste for deg som har en mamma eller pappa i fengsel, eller kjenner noen som har det. Her kan du snakke med oss om fengsel, hvordan du har det eller ting du tenker på eller lurer på rundt dette. Vi har åpent hver onsdag og fredag fra klokka 15.00 til 22.00. Og har nå også utvidet åpningstid med  hver torsdag (fram til påske i første omgang) klokka 10.00 til 15.00 i tillegg. »