Øving for naudetatane på Gursken oppvekstsenter tysdag 15. november

Raud brannbil står parkert ved sjøen - Klikk for stort bileteBrannbilen i Sande kommune Sande kommune

 Brann, politi og helse skal ha fellesøving tysdag 15. novemberDet skal skal vere øving på PLIVO, som står for pågåande livstrugande vald.

Øvinga skal vere på og rundt Gursken oppvekstsenter. 

 

Øvingane skal gå føre seg frå om lag klokka 17 til seinast klokka 21.

Det kan bli litt bråk og smell, og det vil bli nytta utrykkingskøyretøy med blålys under øvingane.

VI ber om at publikum tek omsyn til øvingane i tidsromet øvingane pågår. 

På førehand takk!