ØVING i Sande - pågåande og livsstruande vald

ØVING i Sande - pågåande og livsstruande vald

Måndag 29.april kl 18.00 blir det øving i å takle valdshandlingar i Sande. Øvinga går føre seg på Gursken oppvekstsenter. 

Sande brannvern og andre etatar er med i øvinga.

Tema er PLIVO (Pågåande og livstrugande vald)

I samband med øvinga, blir det ein del blålys og bråk i form av skyting og evakuering av skulebygget. Vi har fått med oss ein del markørar og vil gjere øvinga så realistisk som råd.

Den praktiske delen startar ca 18.00 og vi held på nokon timar utover kvelden.  Brann, Politi og helse vil ha fleire bilar på staden utover kvelden. I tillegg vil vi øve på oppmarsj rundt skulebygget. Dette vil periodevis medføre auka trafikk til og frå skulen.  

 

Hald avstand

Vi vil at dei som ikkje treng å opphalde seg  på skulen sitt område denne kvelden held seg på god avstand.

Vi vi sette opp øvingsbukkar som syner at det er brannøving i området. Det er likevel fint om du informerer dei som lurer på kva som skjer i bygda - dette er berre ØVING!