På Englandstur

På Englandstur

Sande kommune  I Haugelia barnehage har vi born med ulikt opphav og ulike nasjonalitetar. På avdeling Armkroken har vi difor gitt borna litt ekstra erfaringar med ulike tradisjonar og kulturar. I rammeplan for barnehagen står det blant anna at ein skal by på varierte impulsar, opplevingar og erfaringar og omfatte lokale, nasjonale og internasjonale perspektiv.

I førre veke «reiste» borna på avdeling Armkroken til England. Borna fekk erfaringar med Big Ben, vi hadde aktivitet med silly walks  og utandørs disco med Spice girls. 

Borna fekk brev og oppgåver frå sjølvaste dronning Elisabeth. På slutten av veka fekk dei gåve med dronninga og dei åt mat på resturant «Crazy Dino». På menyen var det som seg hør og bør Fish and chips.

Ei kjekk og innhaldsrik veke, med mykje inntrykk og opplevingar.

Seinare i år skal vi ein tur til Polen og tradisjonen tru skal vi ein tur til Hawaii, det blir heilt på tampen av barnehageåret. Vi har vore fleire år til Hawaii, med stor suksess. Fint at ein kan reise på tur i barnehagen, sjølv i desse Covid- tider, seier Lindis Knotten - ein av ped.leiarane i Haugelia barnehage.