På saklista

Klikk for stort bileteFormannskapet i Sande held møte tysdag 23. februar. Møtet startar denne gongen med synfaring og informasjon ved Larsnes Mek. Verkstad, før ordinært møte vert sett i kommunestyresalen kl 15.00.

På saklista finn vi 2 klagesaker på tidlegare vedtak: Klage på vedtak om dispensasjon frå kommuneplan for Gnr 2 Bnr 26 i Gjerdsvika og klage på søknad om avkjørsel for gnr 29 bnr 61 og bnr 34 på Larsnes.

Formannskapet skal uttale seg om fylkesstrategi for samferdsel 2021 - 2024, om interaktiv brosjyre for Sande kommune og deltaking på Aqua Nor 2021. 

Dispensasjonssaker for frådeling av bustadtomt på Kvamsøy og tomt til pumpestasjon i Gursken skal også behandlast. 

Til kommunestyremøte neste veke skal ein tilrå vedtak i saker om forprosjekt omsorgs- og utleigebustadar, kai-prosjekt i Gjerdvika og tilskotsstrategi i jordbruket.

Du kan lese alle sakspapira her.