På saklista

På saklista

Tysdag 25.mai har Rådet for personar med nedsett funksjonsevne (kl 09.00), Eldrerådet (kl 13.30) og Ungdomsrådet (kl 17.30) møter.

Onsdag 26. mai har Helse- og oppvekstutval (kl 13.00) og Næring, teknisk og miljøutvalet (kl 16.00) møter. 

Alle råd og utval skal mellom anna handsame sakene om godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2020. 

Rådet, Eldrerådet og HO-utvalet skal også tilrå i sak om oppstart av Livsgledeheim og frivillegsentral. Frå saksutgreiinga kan vi lese: 

I det store bilde er eit aldersvennleg samfunn eit brukt omgrep frå staten si side der heile kommunen skal vere med. Vi kan og kalle det å skape eit pasient og brukarvennleg samfunn. For å få dette til vil integrering med frivillege og samhandling også med deler av næringslivet vere sentralt for å skape gode liv – gode kvardagar for dei som treng tenester frå kommunen på ulike plan og nivå.

Næring, teknisk og miljøutvalet skal handsame saker om hjorteforvaltning i Sande der organisering og delegasjonar, endring i vald og bestandsplanar er tema. Dei skal også tilrå i sak om strategiplan for nærings- og miljøtilskot i jordbruket for 2021 - 2024.

Du kan lese alle sakspapira her.