På saklista

På saklista

Formannskapsmøte, tysdag 22.06.21 kl 13.00
Kommunestyremøte, tysdag 22.06.21 kl 14.00

Begge møte skal vere på Adolfbuda i Gjerdsvika. Møta er opne for publikum etter nasjonale smittevernreglar. 

Formannskapet skal handsame saka om oppstart av arbeid med ny kommunedelplan for vegsamband over Rovdefjorden - offentleg ettersyn og høyring av planprogram.

Kommunestyret sine saker omhandlar aksjekjøp i Runde Forsking og Sande Fastlandsamband AS og om godkjenning av handlingsplan mot vald i nære relasjonar. I tillegg skal tertialrapport for 1. tertial og revidert budsjett for 2021 godkjennast.

Om tertialrapporten for 1. tertial skriv kommunedirektøren i sitt saksframlegg:
"Kommunedirektøren legg fram tertialrapport for 1. tertial 2021. Rapporten viser at status for gjeldsforvaltning, forndsforvaltning og likviditet har ein ønska profil. Driftsøkonomien viser at kommuna har tatt betydelege kutt i inneverande driftsår men at driftsnivået framleis er for høgt. Inntektene til kommuna er høgare enn budsjettert. I sum inneber dette at kommuna driftar med eit mindreforbruk pr 30.04.21".

Du kan lese alle sakspapira her.