På saklista På saklista til formannskapet sitt møte finn vi mellom anna rutine for eigarskapsstyring og uttale til ny kyrkjeleg organisering. Handlingsplanen for 2022 i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast etter at det har kome innspel til tiltak frå lag og organsasjonar i kommuna. Skal Sande kommune melde seg inn i Sunnmøre Friluftsråd? Saka skal handsamast både i formannskapet no, og i kommunestyret seinare i haust. Medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd vil legge til rette for styrking av folkehelsa i Sande kommune. Friluftsrådet skal stimulere til friluftsliv for alle, vere ein pådrivar i friluftssaker og vere høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet. Møtet er ope for publikum og presse. Her finn du innkallinga og sakspapira. Publisert av Tove Cathrine Kvamme Sist endra 17.08.2023 10:59