På saklista

Tysdag 12. oktober skal både formannskapet og kommunestyret i Sande ha politiske møter.

Det vert møte i Sande formannskap på Sande rådhus kl 11.30.

Formannskapet skal handsame og tilrå i sak om samarbeidsavtale om beredskapsbåt i Sande, som skal vidare til behandling i kommunestyret. Formannskapet si tilråding vert dermed ikkje klar før i forkant av kommunestyremøtet.

Det vert så orientering og synfaring på Plany AS i Haugsbygda for alle medlemmane i kommunestyret kl 14.00.

Ordinært kommunestyremøte vert sett på Vonheim i Haugsbygda kl 15.00.

Skal Sande kommune verte medlem i Sunnmøre Friluftsråd? Friluftsrådet kjem på kommunestyremøtet og orienterar om medlemsskapet, og så skal kommunestyret gjere vedtak i saka.

Kommunestyret skal også rullere handlingsplanen for idrett og fysisk aktivitet, inngå intensjonsavtale om etablering av ambuleringstannklinikk og inngå samarbeidsavtale om beredskapsbåt.

Alle møta er opne for publikum og presse. 

Du kan lese alle sakspapira her.