På saklista

På saklista

Torsdag 2. desember skal kommunestyret på synfaring til Finefish AS på Sandsøya, og frå kl 15.30 vert det ordinært kommunestyremøte på Rosenlund. 

Møtet er ope for publikum.

Skal Sande kommune vere med på Helseplattformen? Kommunestyret skal ta stilling til om ein skal inngå avropsavtale (forprosjekt) med prosjektet. 

På saklista finn vi også to søknadar frå Larsnes IL om spelemidlar. Den eine søknaden er om lys til Vardevegen mellom Rønnebergeigedomen og Halleosen som er under opparbeiding og den andre til ny fotballhall ved skulen. 

Du kan lese alle sakspapira her.