På saklista

 Kommunestyret i Sande skal tysdag 24. mai ha ordinært møte på forsamlingshuset Dollstun på Sandsøya. Møtestart er kl 13.30.


Av spennande politiske saker er investeringstiltak for gatelys og utbygging av Storehaugen del 3 på saklista . Storehaugen bustadfelt er no under opparbeiding  og steg 3 gjeld utbygging av ein mindre del av sjølve bustadfeltet

  • Steg 1 : Omlegging/framføring av høgspent og etablering av kommunaltekniske leidningar er no gjennomført
  • Steg 2 : Bygging av veg og kommunaltekniske leidningar inn mot feltet - nærmar seg sluttfasen.

 

Det vil også bli ei orientering  frå NAV Hareid - Ulstein - Sande  om resultat - satsingsområder - regnskapstal  -  utvikling.

Alle møte er opne for publikum og presse etter gjeldande nasjonale retningsliner for smittevern.

Du finn alle saksdokumenta her.