Skal ny samfunnsplan for perioda 2022 - 2035 og ny reguleringsplan for Larsnes sentrum ut til høyring? Dette må formannskapet ta stilling til.
Dei må også kome med innspel i fleire saker som gjeld samferdsel i Sande, som ruteendringar for buss, ferje og hurtigbåt, og innspel til hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund.
Saker om økonomi som skal vidare til behandling i kommunestyret er godkjenning av rekneskapen for 2021, årsrapporten for 2021 og tertialrapport for 1. tertial 2022. Og så har idrettslaga i kommunen i fellesskap fått utarbeidd nytt turkart for Sande, og dei søkjer om tilskot til dette.
Lenke til tertialrapporten finn du ved å trykke her.
Du finn alle sakspapira her.