Eldrerådet har møte mandag 23. januar kl 13.30. På saklista deira står saker om ferjekaiutbygginga i rute 1066 og nye fylkeskommunale retningsliner for ordninga med transportteneste for rørslehemma.
Ungdomsrådet har også møte på mandag 23. januar, men dei startar kl 18.00. På deira sakliste står sak om samarbeidsavtale Ung kunst og kultur.
Rådet for personar med nedsett funksjonsevne har møte tysdag 24. januar kl 09.00. På sakslista finn vi politisk sak om fravik frå vegnormal for Hallekrysset - Honndalskrysset og nye fylkeskommunale retningsliner for ordninga med transportteneste for rørslehemma.
Næring, teknisk og miljøutval sitt politiske møte for januar er onsdag 25.01. På saklista står tildeling av midlar frå næringsfond og fravik fra vegnormal N100 for Hallekrysset.
Ny kommunedirektør Renathe Rossi vil vere tilstades på alle møta neste veke for å helse på politikarar og ta del i gjennomføringa av møta.
Her kan du lese sakspapira til møta.