På saklista

På saklista

Tre klubbe - Klikk for stort bileteMøte klubbe

Sande Formannskap skal ha møte tysdag 7. mars kl 13.45. Møtet vert på formannskapssalen på Rådhuset, og er ope for publikum og presse. 

På saklista finn vi denne gongen mange spennande saker. 

Formannskapet skal behandle ein søknad om løyve til å rive Gittahuset på Sandshamna. Det er Ronja Eiendom AS som har søkt om løyve. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om byggeløyve for ny ferjekai på Larsnes. Før byggesøknaden kan behandlast må formannskapet gje dispensasjon frå PLB § 19-2 for mellom anna byggegrenser mot sjø.

Ny reguleringsplan for Larsnes sentrum har det vore arbeidd med i mange år, og planen er no klar for sluttbehandling og godkjenning. Formannskapet skal ta stilling til denne, og tilrå overfor kommunestyret. 

Du kan lese sakspapira til desse og andre saker som står på sakskartet her.