På saklista

På saklista

Klubbe laga av tre - Klikk for stort bileteMøteklubbe

Neste veke er det møteveke for råd og utval i Sande.

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne skal ha møte tysdag 30, mai kl 09.00. Dei skal behandle årsmeldinga si for 2022, og så skal dei på synfaring saman med teknisk sektor.

Eldrerådet har møte same dag kl 13.30. Dei har også ei årsmelding som skal behandlast og så skal dei få nokre orienteringar.

Ungdomsrådet sitt møte denne veke er avlyst. 

Helse- og oppvekstutvalet sitt møte er onsdag 31.mai kl 13.10. Dei startar som årsmøte for Sande Frivillegsentral og deretter ordinært politisk møte. Saker som skal behandlast er endring av vedteker for frivillegsentralen, vertskommunesamarbeid med Ålesund på barnevernsvakt og samarbeidsavtale med Ulstein på kjøp av tenester innan flyktningområdet.

Næring, teknisk og miljø har også møte onsdag 31. mai, kl 16.00. På saklista står mellom anna saker om rehabilitering av kommunale vegar, omlegging av veg på Bringsinghaug og vassledning til Gjerdsvika småbåthamn. Tildeling frå Næringsfondet, orientering om hjortejakt og endring i delegeringsreglementet er også saker som skal behandlast.

Alle sakspapir kan du finne her 

Alle møte skal vere på Sande Rådhus, og dei er ope for alle !