På saklista

På saklista

På saklista til Helse- og oppvekstutvalet finn vi mellom anna sakene politisk reglement for Sande kommune, servering- og skjenkeløyve for Rosenlund Hamn, tilstandsrapport for grunnskulen i Sande og oppretting av stilling som ungdomsarbeidar. Alle desse sakene skal endeleg vedtakast av kommunestyret i mars. I tillegg skal utvalet godkjenne Gjerdsvika barnehage etter barnehagelova § 10.

Næring, teknisk og miljøutvalet skal også handsame det politiske reglementet for Sande kommune. I tillegg skal dei tilrå bruken av investeringsmidlar som er avsette til gatelys i 2020.

Utvalet skal også handsame ei tilskotsak om deltaking i prosjektet "Vesthjort" og bruk av viltfond til GPS-merking av hjortevilt, og dei skal vurdere tilskot frå næringsfondet til etablering av Algavida As, eit nytt selskap innan produksjon og sal av algebiomasse.

Du finn sakspapira til begge hovudutvala på innsynsløysinga vår.