På saklista

Klikk for stort bilete 

Tysdag 25. februar skal Sande formannskap ha møte på Sande Rådhus. Møtet startar kl 13.45 og er ope for publikum.

Formannskapet skal i møtet tilrår fleire saker til kommunestyret, som årsmeldingar for dei kommunale råda, oppretting av ei ny 50 % stilling som ungdomsarbeidar, finansreglement og politisk reglement, tilskot til Voksa kultursenter og skjenkeløyve for Rosenlund Hamn. 

På saklista finn vi også forslag på ein uttale til nasjonal transportplan for 2022 - 2033 der Sande kommune uttrykkjer rmisnøye med den utviklinga vi ser ute i distrikta når det gjeld mange forhold rundt samferdsel. "Vi som bur i distrikta vert daglig minna om denne utviklinga gjennom stadige reduksjonar i kollektivtilbodet, gjennom høge billettprisar på ferje og buss, gjennom manglande vegvedlikehald, etc". Formannskapet skal gje sin uttale til fylkeskommuna og samsferdselsdepartementet.

Du kan lese alle sakene på Innsyn.