På saklista

På saklista

På saklista denne gongen finn vi mellom anna: 

Plansak for offentleg ettersyn - Detaljregulering for Skare

Tiltakshavar Jon Bjørstad har lagt fram detaljreguleringsplan for Skare på Sandsøya.

Planen er avgrensa- og har innhald i samsvar med arealdelen i kommuneplanen for Sande.

Området er tidlegare regulert (1996), men den gamle planen har ei slik framstilling at den ikkje er eigna som styringsreidskap. Ny detaljplan erstatter den gamle planen frå 1996.

Tiltakshavar ynskjer å tilrettelegge for eige bruk i tillegg til utleigeverksemd gjennom «Skare Havstuer».

Hyttene skal vere privateigde og kvar hytte kan ha eit anneks som kan fungere som utleigedel. Alle utleigeeiningane skal ha tilgang til båt i hamna og til maritimt servicehus i ei av rorbudene.

Tilrådinga frå kommunedirektøren er at formannskapet godkjenner den framlagde detaljreguleringsplanen for Skare og at planframlegg med føresegner og tilhøyrande saksdokument vert å legge ut til offentleg ettersyn

Sluttbehandling - Planendring for LARSNES MEK

Kommunedirekøren tilrår at reguleringsplan for Larsnes Mekaniske Verksted vert godkjent med fylgjande endring i reguleringsføresegnene:

§4.1.1 b)  Planlagt tørrdokk kan byggast over med vist planlagt overbygg. Gesimshøgd skal ikkje overstige 30 m over tilgrensande kai-nivå. Mønehøgd skal tilsvarande ikkje vere større enn 31m. Ansvarleg for arkitektonisk utforming skal dokumentere sentral godkjenning i tiltaksklasse 3 innanfor fagområdet arkitektur.

Endringa vert å innarbeide i føresegnene.

Kommunestyret skal handsame denne saka i møte den 28. april 2020

Du kan lese alle sakene på Innsyn.