På saklista

På saklista

Smittevernlegen i Sande har godkjent at kommunestyremøtet kan gjennomførast som ordinært møte  - med nasjonale avstandsreglar - med oppmøte på Breidablik. Møtet blir ikkje ope for publikum, men det blir streama og innbyggarane og media  kan følgje møtet på internett. 

Det er Sande nettsyn som denne gongen streamar møtet- her finn du lenka til sendinga.

På saklista

finn vi saker om

  • Godkjenning av alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024. Her finn ein framlegg om innstramming av opningstider for skjenking i forhold til gjeldande plan. 
  • Sluttbehandling - planendring for Larsnes Mek as
  • Delegeringsreglement for Sande kommune. Delegeringsreglementet til Sande er frå 2011 og må reviderast i forhold til nye lover og forskrifter. Det er lagt fram nytt forslag til reglement som skal vere digitalt, lett tilgjengeleg for alle og oppdatert i forhold til gjeldande lover og føreskrifter.
  • Endring av skulestruktur i Sande frå hausten 2020 - endeleg behandling i kommunestyret 28.april

Litt om skulesaka: 

Saka vart oppstarta i 2016 og har vore gjennom ulike fasar med utsetting og utarbeiding av rapportar.

Formannskapet si tilråding er følgjande:

 1. Sande kommune vedtek å endre skulestrukturen i Sande frå 01.08.2020 i samsvar med følgjande: · Ein felles 1.-10.-skule i Gursken for Gursken og Gjerdsvika, inkl. 8.-10. klasse for Larsnes. · Ein felles 1.-10. skule for Sandsøy og Kvamsøy plassert på Kvamsøy. · Larsnes 1.-7. skule som no. Dette inneber at Gjerdsvika og Sandsøy skular vert lagde ned.

2. Det vert opna for fritt skuleval i Sande kommune innanfor dei reglar som kommunestyret vedtek.

3. Det skal utarbeidast ei Forskrift for skulestruktur i Sande i samsvar med dette . Forskrifta skal gje eintydige opplysningar om nærskular og krinsgrenser i Sande kommune, og om reglar for fritt skuleval. Forskrifta skal gjelde frå 01.01.2020.

4. Det skal utnemnast ei gruppe som skal utgreie ein felles skule for alle elevane i Sande, for å ivareta elevane, kvaliteten og mangfaldet innanfor den økonomien vi har til rådvelde.

 

Saksdokumenta til kommunestyremøtet

Her finn alle du dokumenta som høyrer til møtet i kommunestyret.