På saklista

Klikk for stort bilete 

Alle kommunale råd og hovudutval i Sande skal ha møter denne veka. Møta vert gjennomført ved fysisk oppmøte på rådhuset. Vi brukar kommunestyresalen og har høve til å ha god avstand mellom deltakarane.

Møta blir ikkje opne for publikum, men pressa får høve til å møte.

Dette er i samsvar med Midlertidig forskrift om gjennomføring av fjernmøter i kommuner og fylkeskommuner for å begrense spredning av Covid-19
 

Eldrerådet skal ha møte mandag 11. mai kl 11.30. 
På saklista finn vi godkjenning av årsmelding og rekneskap for Sande kommune 2019. Dette er saker som skal handsamast i alle råd og utval denne veka, formannskapet neste veke og med endeleg vedtak i kommunestyret den 26. mai.

Ungdomsrådet sitt møte mandag 11.mai startar kl 16.00
Dei skal bl.a uttale seg om sak om forskrift om skulestruktur. Opplæringslova § 8-1, 1. ledd seier: «Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til.» Kommunedirektøren si tilråding i saka inneber skulane i Sande vert nærskular for sine respektive områder. 

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne har møte tysdag 12. mai, kl 13.30.
Dei vil få orientering om Sande kommune sin hjelpemiddelformidling frå fagansvarleg Solveig H. Sandvik. 
På saklista elles finn vi sakene om årsmelding, rekneskap, forskrift om skulestruktur og fritt skuleval.

Hovudutval for Helse og Oppvekst skal ha møte onsdag 13. mai kl 13.30. 
På den saklista finn vi bl.a tildeling av kulturmidlar og framlegg på reglar for fritt skuleval i Sande.  Til den saka skriv kommunedirektøren: "Prinsippet om fritt skuleval gjev brukarane fridom til å velje. Det kan finnast ulike grunnar til at nokon ynskjer skulebyte, sjølv om nærskuleprinsippet i hovudsak skal gjelde. Dei avgrensingane/presiseringane som er lagt inn i reglane er for å gjere ordninga forutsigbar for kommunen, og gjere det mogeleg å styre den både økonomisk og pedagogisk."

Denne saka skal saman med forskrift om skulestruktur endeleg handsamast av kommunestyret den 26.mai. 

Hovudutval for Næring, teknisk og miljø sitt møte onsdag 13. mai startar kl 16.00
Dei har ulike saker på saklista, slik som oppstart av steg 1 i utbygging av Storehaugen bustadfelt, retningsliner for tildeling av kommunale bustadtomter og forprosjekt Gjerdsvika hamn. Her tilrår kommunedirektøren: 

"Sande kommunestyre vedtek å gjennomføre eit forsprosjekt for etablering av kai på søndre sjete i Gjerdsvika.  Godkjent reguleringsplan med kai på 80 meter skal ligge til grunn for forprosjektet.  Ein søker å gjennomføre forprosjektet til månadsskiftet aug/sept. Forprosjektet vert å finansiere innanfor avsett kostnadsramme i godkjent inveteringsbudsjett med avsett ramme på kr 250 000,-»

 

Saksdokumenta til alle møta

Her finn du alle saksdokumenta som høyrer til møta.