På saklista

På saklista

Ordinært formannskapsmøte vert sett kl 15.00. 
Møtet er ikkje ope for publikum, men pressa kan vere tilstades. 

På saklista finn vi saker om salsløyver til alle butikkane i Sande etter godkjent alkoholpolitisk plan og søknad. Formannskapet skal tilrå desse løyve, dei skal godkjennast i kommunestyret den 16. juni.

Tertialrapport for økonomien skal opp til behandling, det same skal ei sak om dispensasjon frå kommuneplan for ei fritidstomt i Gotefeltet og utviding av parkeringsplassen til Elvebakken omsorgsbustadar.

Du kan lese alle sakspapira på Innsyn.