På saklista

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sande har møte tysdag 16. juni 2020. Møtet startar kl 16.00 og vert halde på Landsbyhuset Breidablik på Larsnes.  
Møtet er ikkje ope for publikum, men vert videostrøyma via Sande Nettsyn sin YouTube kanal.
Pressa kan vere tilstades. 

På saklista finn vi saker om salsløyver til alle butikkane i Sande etter godkjent alkoholpolitisk plan og søknad. 

Tertialrapport for 1. tertial 2020 for økonomien skal også opp til behandling

Du kan lese alle sakspapira på Innsyn.

Same dag, kl 13.45 har Sande kommune invitert dei folkevalde, samt representantar frå dei kommunale råda til arbeidsmøte om samfunnsplanen. Assisterande plansjef i fylkeskommuna vil halde innlegg, for ein delar inn i grupper som skal gjere analyse av Sande kommune i samband med den pågåande prosesessen med å utarbeide ny samfunnsplan for 2020 - 2024.