På saklista

På saklista

På grunn av lite politiske saker til handsaming er Eldrerådsmøtet og møtet i Helse- og oppvekstutvalet avlyst.

Råd for personar med nedsett funksjonsevne skal ha møte mandag 24.08 kl 09.00.

Rådet jobbar med eit prosjekt med mål om å få fleire oppmerka og godkjende parkeringsplassar for funksjonshemma i kommuna vår. Dei skal også ha ein gjennomgang på krav om, og bruk av universell utforma fergemateriell.

Ungdomsrådet har møte mandag 24.08 kl 16.30. 

 

Næring, teknisk og miljøutval skal ha møte onsdag 26.08. kl 16.00.

Av saker på saklista finn vi m.a. utbetringstiltak for Larsnes kyrkje. Det er tenkt brukt 750.000 av investeringsmidlar til utskifting av vindauge og bordkledning på kyrkja. Malinga skal gjerast på dugnad.
NTM-utvalet skal også ta stilling til 6 ulike søknadar om tilskot frå Næringsfondet i Sande.

Du finn innkalling og sakspapir på Innsyn.

Alle møter er opne for publikum og presse, og vi følgjer nasjonale retningsliner for smittevern.