På sakliste

Klikk for stort bilete Tysdag 30. juni skal både formannskapet og kommunestyret i Sande ha sine siste møte før ferien.

Formannskapet skal starte med synfaring på området for reguleringsplan Skare på Sandsøy ca kl 10.15. Deretter omvisning i Sande Kyrkje før turen går til rådhuset for ordinært møte kl 13.45

På saklista finn vi mellom anna sak om innspel til ruteendringsprosessen gjeldande frå 1. mai 2021, ei dispensasjonssak for ein fritidsbustad i Gotefeltet og vedtak om kommunal planstrategi.

Kommunestyret startar sitt møte kl 16.00. Det vert halde på rådhuset og er no ope for publikum innanfor reglane om smittevern sett av nasjonale myndigheiter. 

Kommunestyret skal mellom anna gjere vedtak om revidert budsjett, om oppgradering av uteområda for skular og barnehagar og kanskje blir det tilsett ein ny kommunedirektør?

Her kan du lese alle sakene til begge møta