Pæling i Larsnesvika

Klikk for stort biletePæling i Larsnesvika Sande kommune

 Sande kommune v/ teknisk gjennomfører no pæling i Larsnesvika.

Ein har planar om pæle ned 2 stk stålpælar på innsida av den nye ambulansebrygga.

Med dette tiltaket håper ein å gjere ambulansebrygga meir stabil og med dette betre for både passasjerar, båt og mannskap som nyttar seg av brygga.

Det er A. Våge A/S som gjennomfører tiltaket.