Påminning om spørreundersøking og folkemøte

Påminning om spørreundersøking og folkemøte

 Minner om folkemøtet på torsdag  16.januar.

Sande kommune er med i ei felles satsing innanfor reiselivsområdet for dei fem kommunane her på ytre søre. I samband med dette vert det eit felles folkemøte for Sande og Vanylven. Invitasjonen går ut breitt til lag, organisasjonar, bedrifter og andre som kan tenkjast å kunne nyttiggjere seg satsinga. Folkemøtet er starten på eit prosjekt som vil gå utover våren, med klar målsetjing om å ende opp med konkrete tiltak.

Korleis bør vi løfte reiselivet i regionen vår? Kom på folkemøte for Sande og Vanylven

torsdag  16.januar Åram skule kl 18.30  og gi dine innspel!

Tema: Produktutvikling av reiselivet i Sande og Vanylven.

Minner også om at mange bedrifter, lag og organisasjonar har fått invitasjon til spørreundersøking- vi set pris på om du kan bruke 4 minutt av tida di til å svare.