Påminning om strøyming av folkemøtet på Larsnes - om reguleringsplan for sentrum

Klikk for stort bileteGoogle - Larsnes sentrum  For at innbyggjarar og andre involverte skal få best mogeleg kjennskap om status i planprosessen og det vidare arbeid ynskjer ein å invitere til folkemøte nummer to  (siste folkemøtet i planprosessen) - på Landsbyhuset Breidablik tysdag 8 juni kl 19.00

Folkemøtet vil legge til rette for inspirasjon med gode døme på sentrumsutvikling, informasjon om planprosess, dialog om mål, utfordringar og løysingar. Norconsult vil på møtet legge fram nokre enkle forslag til plangrep på sjølve Larsneset, som grunnlag for vidare diskusjon om planløysingar.

Les meir om møtet her.

Møtet vert gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernsreglar.

På folkemøtet vert det variasjon, inspirasjon, informasjon og diskusjon. Kom og sei di meining!

Møtet blir strøyma og du finn det her når du opnar denne lenka.