Pårørande får høve til å besøke sine nære og kjære ved Sandetun omsorgssenter frå måndag 11.mai

Klikk for stort bileteSandetun omsorgssenter Sande kommune  Sandetun omsorgssenter har vore stengt sidan 11. mars, og vil framleis vere stengt for vanlege stikk-innom besøk framover.

For å imøtekome behovet pasientane har for besøk, vert det tillate med avtalte besøk ute eller i  nyoppretta besøksrom inne. Vi vil legge tilrette for at besøk kan gjennomførast, men må ha begrensning på tid, pr. besøk, samt antall besøk pr. dag.

For at dette skal kunne foregå i kontrollerte former, vert besøka gjennomført på følgande måte:

  • Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, skal ringe til avdelinga for å gjere avtale om kva tid dei kan kome på besøk.
  • Pårørande kan ikkje kome på besøk dersom dei er sjuke, jmf. nasjonale retningslinjer.
  • Personalet ved avdelinga informerer om kvar besøket kan finne stad, at det må haldast minst 1 meters avstand, og at det ikkje er lov å komme fleire enn 2 på besøk. Det er ikkje på nokon måte lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande.
  • Personalet gjer klar pasienten, med høvelege kle, dersom ein skal møtast ute, og hjelper pasienten ut, eller til besøksrommet. Det skal informerast igjen om kva tiltak som gjeld.
  • Pårørande skal sprite hender før og etter besøk.
  • Besøket kan vare i inntil 15-30 minutt minutt.
  • Personalet er i nærleiken ved besøket, og loggfører kven som har vore på besøk, for å lette ei eventuell smittesporing i ettertid.
  • Personalet følger pasienten tilbake til avdelinga, når besøket er over, og passer på at pasienten vasker eller spriter hendene før dei kjem inn igjen i avdelinga.

Vi trur at dette blir fint for både pasientar og familie. Det har vore ei tung tid for alle partar -  også personalet synes det er leit at vi kom i ein situasjon der vi måtte stenge for besøk til bebuarane. 

No ser vi at smitten i samfunnet er mindre og vi kan lette litt på restriksjonane. 

Om smittefaren aukar, må vi gjere nye vedtak. 

Klikk for stort bilete