Påskeøya Sandsøya i utvikling

Påskeøya Sandsøya i utvikling

Rosenlund Hamn Sandsøya Sande kommune  Både påskeliljene og næringslivet er i full bløming på Sandsøya og Voksa.

Det skjer mykje på Sandsøya for tida.

Både næringslivet og øyfolket satsar på arbeidsplassar og bulyst - utvikling for øysamfunnet.

Ingen pandemi kan stoppe sandsøyingen sin optimisme.

Det første du møte når du kjem på land på ferjekaia er påskeblomster og velkomsthelsingar.

Bygdelaget legg vekt på trivsel og har lagt til rette for at den som bur der og den so kjem på besøk skal møte noko fint både for auga og for sinnet. Du blir glad av å vandre ein tur langs vegen eller stien.  Mange påskeliljer som bygdefolket har planta langs vegen lyser snart mot alle! Og gode ord på vegen!

Sandsøy Idrettslag og andre entusiastar har lagt til rette for godt merka turstiar langs fjøre og på fjell der du får fantastiske inntrykk og utsikt over hav og fjell.

Idrettslaget har fått til eit treningsstudio ved stadion – mykje gjort på dugnad om med litt midlar frå bedrifter og litt det offentlege – dette kan vanlegvis nyttast av både fastbuande og turistar. No er det på gong ein ny gapahuk i Sandsbakkane. Bygdefolket legg ned stor dugnadsinnsats  og gapahuken har fått tildelt spelemidlar som hjelper godt på finansieringa av dette flotte tiltaket. 

Og Sandsøya har eige musikkkorps med eigen musikk-video!

I år er det også planlagt Kong Arthurspel – noko mange har gleda seg til lenge.

Sjølv om den årvisse 7-toppsturen - som lokkar til seg både lokale og nasjonale trimmarar som er glade i øya og opplegget - ikkje kan avviklast i år, så skjer det mykje på Sandsøya utover våren. Og dei 7 fjelltoppane ligg der jo likevel - godt merka til deg som vil ta turen! 

 

Noko på gong?

På Sandsøya og Voksa  bur det no omlag  220 innbyggjarar og i tillegg  nyttar mange øya som ferieparadis i sine fritidshus og hytter. No har også det blitt fart i husbygging og rekkehus står snart klare for innflytting. Nokre få kommunale tomter til er ledige.

 

Næringsliv satsar på Sandsøya

Sandefisk utvidar og nybygget tek no form i si blåe drakt. Dette anlegget ligg fint til ved den lange og gode kommunale fiskerikaia ved anlegget.  Dette blir bra, fordi no vil ein satse vidare på foredling av fisken ein tek imot på øya. Og så kan det gi arbeidsplassar.

Og det er jammen ikkje lange vegen til det som no blir eit nytt restaurantkjøkken ved Rosenlund Hamn når dette blir ferdig -snakk om å kunne ha tilgong på ferskvare – ja, jamvel hummeren frå Hummarparken  har kort veg til grytene.

Rosenlund hamn as er i full utbygging med sitt anlegg- hotell og konferansesenter. Konferansesenteret håper ein blir ferdig i april.

Spennande prosjekt  som alle håper skal gi fleire arbeidsplassar og sette Sandsøya og Sande på kartet som senter for både reiseliv, kurs og konferansar.

Eit flott hamneanlegg med nye brygger var klare til bruk i pinsa i fjor, og sjølv om "land-området" no er ein anleggsplass – er dette eit spennande og flott anlegg som folk verkeleg har fått opp augene for. Når alt blir ferdig, blir dette endå betre!

I tillegg til denne satsinga er det campingplass under planlegging  i same området.

Du ser kanskje ingen av Sandsøy  båtservice as  sine 5 båtar ligg ute på Sandsøya. Kvifor? Dei er i oppdrag over heile landet. Ei flott utvikling i eit forholdvis nytt selskap som stadig får fleire oppdrag. 

Voksa

På Voksa er det eit prosjekt i gang med internasjonalt svong over seg. Det er gamle tufter med historisk sus som er utgangspunktet .Voksa kultursenter satsar på formidling og deling av kunnskap - her er det mange planar som dukkar opp etterkvart som grindløda ved gamleskulen på Voksa blir eit funksjonelt hus for brukarane. Det gamle posthuset blir tillaga for overnatting.

Det ser ut til å vere godt stell ved Voksa ferjekai. Ambulansegarasjen har fått rett høgde og er blitt meir funksjonell, og kaia til Ambu ligg greitt til rett nedføre.

Eit flott anlegg for søppelet til fritidsbustadane har no kome på plass og syter for at det er ryddig og reint i området.

Ja, det syter også sandsøyingen for. Her er det årvisse ryddeaksjonar kvar vår der bygdelaget jobbar for å halde strender og friområde innbydande og fri for  plast og søppel.

 

Så får vi håpe at ferjesambandet så raskt som mogeleg får rett form og fasong og kan gå til dei tider som gjer at bygdeliv, kultur- og næringsliv kan bløme og gi gode frukter for alle!