pBuzz for 5-åringane i Haugelia barnehage

Barn og lærarar spelar instrument - Klikk for stort bileteFull konsentrasjon. Frå venstre: Aria, Mina, Anny, Jette og Susann Sande kommune

I samarbeid med Sande Kulturskule og Gursken Skulekorps prøvar Haugelia barnehage ut pBuzz for 5-åringane. Det er Jette og Susann frå kulturskulen som er ansvarlege for opplegget.

Oppstart denne veka

Onsdag denne veka var første «øvinga» og dei starta med å lære ein rytmesang der dei song og klappa etter takta til musikken. Dei prøvde også å blåse varm og kald luft i handa si, for deretter å finne ut at det er kald luft som må til når ein skal blåse og få lyd i eit munnstykke/instrument. Slik fekk dei sjå og lære kva ein gjer med leppene når ein skal blåse i eit instrument. Før dei fekk utdelt instrumenta fekk dei prøve å blåse kald luft i sugerør. Då fekk dei også trene på å bruke rett leppeteknikk.

Sande kommune

Etterpå fekk barna utdelt kvar sin pBuzz som blir oppbevara i barnehagen. Desse er merka med namna deira. Det var sjølvsagt veldig stas, og fleire hadde også lyst å ha med instrumentet heim. Alle barna fekk lyd både i munnstykket og på sjølve instrumentet, så det var imponerande.

Barna fekk prøve å lage forskjellege lydar på instrumentet i tillegg til at dei spelte til musikk. Det var ei fin oppleving for barna og alle var godt fornøgde. Etter pBuzz-økta lurte dei berre på når dei fekk spele meir J

Susann, Jette og Lisbeth var imponert over barna og synest at dette verkar som eit flott tilbod for 5-åringane.

 

Barn frå Haugelia barnehage og lærarar frå Sande kulturskule - Klikk for stort bileteFrå venstre bak: Susann, Alma, Aria, Anny, Mina, Johanne og Jette Frå venstre framme: Sonja og Tomine Sande kommune

-Det er eit prøveprosjekt, men vi er svært positive til det etter første «øving». Vi skal ha nokre «øvingar» til før jul før vi evaluerer og eventuelt set opp fleire økter etter jul. Kanskje blir det ei lita framsyning på sommarfesten? Til no er vi i alle fall glade for å kunne tilby barna dette, og vi håper og trur dei får ei positiv og lærerik oppleving som dei vil ta med seg vidare, avsluttar dei engasjerte pedagogane ved kulturskulen og Haugelia barnehage.  

Kontakt

Lisbeth Nykrem
einingsleiar
E-post