Piggtråd bør vekk frå naturen

Piggtråd bør vekk frå naturen

piggtråd - Klikk for stort biletePiggtråd Pixabay

Dei fleste kjenner til at det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr og eldre piggtrådgjerde som opplagt er farlege for dyr, skal fjernast.

Den ansvarlege for eit gjerde skal sørge for vedlikehald, sikring og ei eventuell fjerning av gjerdet. Den ansvarlege vil vanlegvis vere grunneigaren.

Dette er det Lov om dyrevelferd §15 som regulerer:

"Bygningar, gjerder og andre mindre innretningar skal oppførast og holdast ved like slik at dyr ikkje utsettast for fare for unødige påkjenningar og belastningar. Det skal ikkje brukast piggtråd i gjerde for å regulere dyr sin ferdsel."

Trass forbodet mot å bruke piggtråd for å regulere dyr sin  ferdsel finns det framleis metervis med restar av piggtrådgjerde, både på landbrukseigedomar og i naturen. Desse piggtrådrestane fører årleg til skadar og lidingar for både ville og tamme dyr. Lidingane  for dyr som blir sitande fast kan vere store, og i verste fall føre til at dei døyr. Det har og vore tilfelle der hundar har skada seg på piggtrådrestar i naturen.

Søke om tilskot

I Sande kommune kan dei som eig eller leiger og driftar ein landbrukseigedom søke om SMIL-midlar til å fjerne restar av gammal piggtråd.

Reinhaldsverket SSR tek imot slikt avfall - både frå private og frå landbrukseigedomar. Metall, inkludert piggtråd, er kostnadsfritt å levere inn på miljøstasjonane våre.