Planlegg ferie og fritidsturar i forhold til vaksineringstilbodet du får

Klikk for stort bilete I veke 17- neste veke - blir det i hovedsak personar fødde i 1951-1952 som blir oppringt av Sande legesenter og gitt tilbod om Comirnaty-vaksine (Pfizer). Ca 70 personar får tilbod om dose nr  1 av denne vaksina , omlag 30 personar skal ha dose nr 2.

Sande legesenter ringer deg

Det er framleis slik at  du slepp å tinge deg time. Sande legesenter ringer deg for å gi deg ein avtale. 

Vi oppmodar om at du bruker munnbind når du kjem til vaksinering.

Klikk for stort bilete Mika Baumeister Unsplash To dosar vaksine

For at Comirnaty-vaksinene (Pfizer) skal ha full effekt, får alle to dosar. Desse blir gitt  med seks vekers mellomrom. Dersom du får første dose i slutten av april, vil du få neste dose i midten av juni.  Dersom du får første dose i midten av mai, vil du få andre dose i slutten av juni osb.

Dette må du tenkje på når du planlegg ferieturar eller andre reiser no framover. 

Det er eit tydeleg signal frå sentrale styresmakter at vaksine er noko du som innbyggar må prioritere (om du ønskar å ta den).Vi veit ikkje når det blir akkurat din tur, då vi ikkje får vite lenger enn eit par veker fram i tid kor mange dosar vi får om gongen.

Dersom du jobbar offshore eller på sjøen eller oppheld deg vekke frå kommunen, bør du sjekke kalenderen allereie når du får tilbod om første dose, for å finne ut om du er på land/ heime seks veker etterpå – og dermed klar til å ta dose to. Dersom dato for dose to krasjar med utreise eller andre planar , må du ta kontakt med Sande legesenter- tlf 70026750 - for å booke ny time til førstedose.

 

Kva skjer om du ikkje kan stille nøyaktig seks veker etter første dose?

Ta kontakt med Sande  legesenter snarast når du har fått tildelt time til 1.dose og gi beskjed om dette.

Per no kan vi ikkje svare på kva som skjer med dei som ikkje kan stille til vaksinering av dose to etter at du allereie har fått dose nummer éin.

I tillegg til at mellomrommet mellom dosane er sett av medisinske grunner, er det også praktiske omsyn som gjer at vi ikkje ønsker å endre intervallet mellom dosane.

Kvar veke får vi eit gitt tal med dosar tilsendt frå sentrallager. Sentrale vaksinestyresmakter ser seks veker tilbake i tid på kor mange dosar vi gav då. Vi får like mange som det + dosar som skal gå til nye.

Comirnaty-vaksinen er berre haldbar i nokre dagar etter at kommunane har mottatt dei.

Samla gjer dette at vi ikkje har moglegheit til å vere særleg fleksible når det gjeld å endre vaksinetidspunkt for dose nummer to.

Mange er vaksinerte

Vaksinert mot Covid19 i Sande i 2021 Status veke for veke
Vaksinert mot Covid19 i Sande i 2021
Veke 1. dose 2.dose (fullvaksinert)
12 417 141
14 522 144
15 600 145
16 671 148
18 740 181