PLIVO-øving godt gjennomført

Brannmannskp og andre oppstilt på plassen utanfor skulen - Klikk for stort biletePLIVO-øving 22.11.22 ved Gursken oppvekstsenter Sande kommune

 

 

 

 

Kvart år skal det gjennomførast ei PLIVO-øving.

PLIVO står for Pågåande Livstruande Vold og er ei samhandlingsøving mellom Politi, Sande brann- og redning og helse  (ambulanssetenesta).

I år var Gursken barneskule øvingsstad for denne øvinga som vart gjennomført 15.november på ettermiddag- og kveldstid.

Scenario

Øvinga var inndelt i 3 øvingsoppdrag.

-Det er utarbeidd prosedyrer for korleis samhandlinga mellom naudetatane skal vere i forhold til trusselbildet.

På øvinga deltok mange frå Politi, Ambulanse-tenesta, Sande brann- og redning, Vanylven brann- og redning og markørar frå Røde kors.

Øvinga var varsla til innbyggarane dagen før - og gjekk difor greit utan at folk vart oppskaka av mykje blålys og lydar.

Dette var ei god øving der spesielt nye mannskap får ei innføring i PLIVO, kommenterer brannsjefen i Sande kommune, Kjell Martin Vikene.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
teknisk sjef
E-post
Telefon +47 70 02 67 10