Presseinvitasjon - Kongeparet sin tur til Sande og Møre og Romsdal

Presseinvitasjon - Kongeparet sin tur til Sande og Møre og Romsdal

Det kongelege hoff  Presse som ønsker å dekke Deira Majestetar Kongen og Dronninga sin fylkestur i Møre og Romsdal 30. august - 1. september 2022 må søke om akkreditering til Statsforvaltaren innan onsdag 24. august kl. 16:00.

Kongeparet besøker Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid kommunar på reisa si. 

Fjord kommune - tysdag 30. august (kl. 10:30)

Fylkesturen startar i Fjord kommune. Her vert det folkefest på det nye Syltetorget i jordbærbygda Valldal. 

 

Sykkylven kommune  - tysdag 30. august (kl. 16:00)

Neste stopp er møbelbygda Sykkylven på festplassen ved kyrkja i sentrum. 

 

Vanylven kommune - onsdag 31. august (kl. 10:30)

I Åheim møter innbyggjarane Kongeparet på kunstgressbanen ved Olivinhallen. Dei besøker også Sankt Jetmund kyrkja. Ei lita langkyrkje i stein frå rundt 1150.

 

Sande kommune - onsdag 31. august (kl. 16:00)

I Sande får Kongeparet og folket oppleve kulturinnslag ved rådhuset. Dei får mellom anna sjå eit spesialutdrag av det lokalhistoriske Arthur-spelet. 

Om kvelden kl. 19:30, inviterer kommunen Kongeparet til middagsshowet "Feel Royal" på landsbyhuset Breidablik. 

 

Hareid kommune - torsdag 1. september (kl. 10:00)

På den siste dagen av fylkesbesøket kjem Kongeparet til Hareid. Her samlar folket seg i sentrum. 

Det er lange fangsttradisjonar i Hareid. Ein tur til Ishavsmuseet er difor på sin plass.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.

Endeleg program nærare besøket
Fullstendig program vil bli lagt ut nærare besøket. Akkreditert presse vil få eige presseprogram der oppmøtetidspunkt for pressa er lagt inn.

Akkreditering
Presse som ønsker å dekke besøket, må søke om akkreditering til Statsforvaltaren på dette skjemaet.

innan onsdag 24.august kl 16.00.