Problem med vasstilførsel i Gjerdsvika - problemet løyst kl 05.30

Problem med vasstilførsel i Gjerdsvika - problemet løyst kl 05.30

Det kan bli tomt i kranen i Gjerdsvika i løpet av natta.

Det er i kveld oppdaga problem med levering av vatn til abonnentar i Gjerdsvika.

Vassbassenget er halvfullt, og folk frå teknisk eining er no ut å søkjer etter feilen. Så snart ein har lokalisert kva som er problemet, vil ein starte utbetring av dette.

I verste fall kan det vere tomt i kranen i morgon tidleg, så la vere å sette på vaskemaskiner før du legg deg.

Teknisk eining oppdaterer abonnentane etter kvart her på sida.

kl 9.00 : Teknisk eining melder at dei har hatt folk i sving i natt og fått løyst problemet som oppsto i går kveld. Kl 05.30 skulle alt vere i orden.

Abonnentane kan oppleve at det er noko luft i røra etter denne episoden. Dette vil gå over etter kvart.