Problem med vatn i Gursken

Problem med vatn i Gursken


 

Det har i morgentimane oppstått problem ved vassleveranse i Gursken og teknisk sektor jobbar med å finne lekkasjen på leidningsnettet.

Om du har vatn i kranen no, kan du risikere at det ikkje er vatn der om ei stund. Ein jobbar med å finne lekkasjen, og må difor stenge av ulike område for å lokalisere feilen. 

Informasjonen blir oppdatert her så snart vi har noko å melde. 

Oppdatering kl 08.50:

Vi har funne feilen og det blir berre nokre få abonnentar på Almestad som vil bli vasslause nokre timar framover. Dei andre abonnentane i området vil ikkje merke noko. 

Oppdatering kl 11.30:

Alle abonnentane i Gursken har no fått vatn i kranen igjen takka vere raske og flinke karar ved ute-etaten i Sande!