Prosjektgruppe Samferdsel i Sande oppstarta

Klikk for stort bilete Sande kommune Formannskapet i Sande har i møte 06.10.2020 vedteke å sette ned ei prosjektgruppe for samferdsel.

Desse politiske representantane er valde  til prosjektgruppa:

  • Einar Ekroll, leiar
  • Sara Fugledal Wiik
  • Anne Lise Johansen
  • Knut Nystøyl
  • Møyfrid Ristesund 
  • Tom Inge Gotten Pettersen

Prosjektgruppa v/ leiar rapporterer til Sande formannskap.
 

Prosjektet skal gå ut 2021, ein evt forlengelse av prosjektet vert vurdert av Sande formannskap

Det var Einar Ekroll ( Frp) som sende over eit innspel om etablering av ei prosjektgruppe for samferdselsaker. Innspelet finn du her. (PDF, 336 kB)

Gruppa skal jobbe med bussruter, drosje for buss, ferjeruter, drosjekøyring, heim for ein femtilapp, pendlarrute, gangvegar, hurtigbåtrute/turist, trafikktryggingsplan, hamnesaker og samferdsle-saker generelt.

Prosjektgruppa rapporterer til formannskapet på eigna og avtale måte. Prosjektgruppa skal ikkje ha innstillingsmynde til politisk organ eller eige vedtaksmynde – eksisterande delegasjon og mynde vert altså ikkje endra som følgje av etableringa av prosjektgruppa.