Psykolog på plass i Sande

Psykolog på plass i Sande

Nina Hilland og Tomas Myklebust Brandal Janne-Marit Myklebust  Delstilling som psykolog endeleg på plass.

Nina Hilland er på plass, også i Sande. Ho skal vere kommunepsykolog saman med Tomas Brandal Myklebust i kommunane Ulstein, Sande og Vanylven.

- Eg gler meg til å komme i gang med arbeidet, seier Nina, som fekk elddåpen i Psykologtimen på biblioteket i Ulestin, allereie på dag to etter at ho starta. 

Lenke til Vikebladet: Psykologtimen 2. mars - korleis snakke med barn om krig

 

Psykologen vil jobbe saman med tenesteapparatet 

Nina er frå Stavanger og har teke profesjonsstudiet i psykologi ved  Universitetet i Bergen. Ho har m.a. erfaring frå BUP, før ho no tek til i jobben som kommunepsykolog. 

Nina Hilland skal ha ei 40 % stilling i Sande og får kontor på  helsestasjonen i Sande.

Ei viktig oppgåve for psykologen er å samarbeide med dei som yter tenester til innbyggarane i  Sande. Slik kan tenestene vi gir innbyggarane bli betre både for unge og eldre.