Råda engasjerer seg i viktige saker

Råda engasjerer seg i viktige saker

Hallebygd-krysset Sande kommune  Alle råda har hatt møte denne veka og desse har hatt opp saker rundt trafikkforhold i kommunen.

Både Trafikktryggingsplan og forholda rundt vegkrysset til Hallebygda har vore tema. 

Trafikktryggingsplan

Ungdomsrådet og Rådet for likestilling av personar med nedsett funksjonevne  etterlyser prioritering av tiltak og rår til at ein set fokus på mjuke trafikkantar i Trafikktryggingsplanen. Fokus på haldningsskapande arbeid er også viktig å prioritere. 

Vegkrysset til Hallebygda - trafikkforhold

Reguleringsplan for dette området nærmar seg ferdig, men i påvente av at forholda skal bli som i planen, må noko gjerast for å betre trafikksikkerheita for alle trafikkantar - spesielt dei mjuke, meiner alle tre råda.  Innspela i saka blir sendt vidare til fylket.

Digital kompetanse blant dei eldre- kven kan hjelpe?

PXhere.com  Eldrerådet er opptekne av den digitale utviklinga som skjer og lurer på  om den "eldre garde" klarer å følgje med. Orientering frå Sparebanken Møre på møtet denne veka forsikrar oss om at alle som treng hjelp til å kome vidare med digitale betalingsløysingar får hjelp i sin bank.

Ved å gå over på digitale løysingar kan ein spare utgifter til for eksempel gebyr.

 

Eldrerådet oppmodar om at alle som treng hjelp til å kome i gong kontaktar sin bank eller sine nære for å få hjelp heilt gratis! Bankane kan finne gode løysingar for deg og kan hjelpe deg med å kome i gong.