Rasmus Ekroll er nominert til fylket sin Frivilligpris 2022

Rasmus Ekroll er nominert til fylket sin Frivilligpris 2022

Mann - Klikk for stort bileteRasmus Johan Ekroll Einar Ekroll

Rasmus Johan Ekroll er nominert som Sande kommune sin kandidat til Frivilligprisen 2022 i Møre og Romsdal.

Rasmus har vore ein stor frivillig ressurs sidan 1967, og særleg som frivillig i Larsnes Idrottslag. Er mellom anna dirigent i mannskoret Solblikk og ein pådrivar for utvikling av nærmiljøanlegg og tursti på Larsnes.

I Frivilligåret 2022 markerer fylkeskommunen frivilligheita i fylket vårt. Sande kommune er invitert til inspirasjonskonferanse og fest for frivilligheita søndag 4. desember, og fagkonferanse måndag 5. desember. Både representantar frå Sande kommune og frå frivilligheita i Sande blir med på konferansen.

Fylkeskommunen skal også kåre ein vinnar av Frivilligpris 2022 og alle kommunane vart inviterte til å nominere ein kandidat frå eiga kommune. Denne prisen skal delast ut på fylkeskulturkonferansen, og den blir berre delt ut i år.

Fin kandidat til Frivilligprisen 2022

Rasmus har vore ein trufast medarbeidar i Larsnes Idrottslag heilt sidan «Søreserien» starta i 1967 og fram til dags dato. Han var tillitsvalt i fotballgruppa i 13 år, fotballformann i 5 år, to år som formann på A-laget og har lagt ned ei stor arbeidsmengd som trenar og leiar for aldersbestemte klasser. Han var sjølv aktiv fotballspelar frå slutten av 1960-talet og heilt til 1990-åra, og så seint som i 2021 måtte han tre inn som ekstraspelar på A-laget til Larsnes; då i ein alder av 71 år.

Rasmus var sentral i revyane til idrettslaget og vart dirigent i mannskoret Solblikk sidan starten i 1960 – noko han er framleis. Han har vore med å arrangere Sandemessa sidan starten i 1983, og står framleis aktivt på også der. Han har også vore aktivt med på å arrangere Larsnesdagar kvart år, og han sit i styret for sogelaget på Larsnes.

Rasmus har vore aktivt med i planlegginga og opparbeidinga av Larsnesstranda som badeplass og friluftsanlegg – og har teke oppgåva som frivillig vaktmeister for dette prosjektet, mellom anna med vask og tilsyn av det offentlege toalettet tilknytta anlegget.

I 2021 tok han på seg planlegginga, utbygginga og gjennomføringa av turstien Vardevegen frå Larsneset til osen av Hallevatnet – som vart bygd på dugnad med Rasmus som «primus motor» og med hjelp av nokre andre eldsjeler i lokalmiljøet.

Vi synest derfor at Rasmus Ekroll er ein verdig representant for frivilligheita i Sande, og vil derfor sterkt anbefale hans kandidatur til Frivilligprisen 2022.
 

Her finn du informasjon om dei ulike kandidatane som er nominerte.