Reguleringsplan for Larsnes - ope møte tysdag 8. juni kl 18.00 på Breidablik

Reguleringsplan for Larsnes - ope møte tysdag 8. juni kl 18.00 på Breidablik

Google - Larsnes sentrum Det har sidan 2019 vore arbeidd med ny detaljreguleringsplan for Larsnes.

Ein ynskjer no å invitere til folkemøte nummer to for gå gjennom resultatet av arbeidet så langt.

Den nye planen skal legge til rette for framtidig utvikling, og DU kan vere med å gi dine innspel til denne utviklingsprosessen.

Planen skal ha eit tidsperspektiv på min. 20 år .

Bakgrunn

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 har det vore varsla oppstart av områderegulering av Larsnes sentrum i Sande kommune. Planområdet har vore utvida to gongar i prosessen.

Planen skal vidare legge til rette for framtidig utvikling av kommunesenteret.

Planen skal utarbeidast som ei områderegulering i samsvar med plan- og bygningslova § 12-2. Tiltakshavar og planmyndigheit er Sande kommune medan Norconsult AS er planrådgjevar.

Kommunen har vurdert i utgangspunktet at planen var i samsvar med overordna plan og ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

 

Planområdet

Planområdet si avgrensing ser du på kartet (PDF, 539 kB)og omfattar området frå Ørbechalsen i sør til Skitnevika i nord. I vest er planen avgrensa i sjø, mot aust er planavgrensinga i Prestegardsvegen fram til Hauemarkja barnehage.

Derifrå og nordover har ein også med område på austsida av vegen. Skuleområdet og tilliggande areal er også inkludert i planområdet.

 

Medverknad og planprosess

Det vert på fleire måtar lagt til rette for medverknad i planprosessen. Varsel om oppstart er ei første orientering om at ein set i gong eit planarbeid. Grunneigarar, myndigheiter og andre interesser har no høve til å gi skriftlege merknadar med opplysningar om lokale forhold ein må ta omsyn til eller synspunkt på framtidig arealbruk. Denne informasjonen vil vere nyttige innspel til kva ein må ivareta i det vidare planarbeidet.

Ein har no kome eit godt stykke ut i planprosessen og oppsummering frå folkemøtet vil også være viktige signal i det vidare arbeidete.

Myndigheiter har vore bedt om å kome med innspel i denne fasen. Det er særleg viktig å få innspel om potensielle konflikter og forhold som må vurderast særleg i samband med planarbeidet, samt ev. krav til undersøkingar og analyser.

Kommunen ser det som viktig at alle innbyggarane får kome med sine innspel. Lokal forankring og ein plan som er utforma på bakgrunn av innbyggarar og politikarar sine innspel vil ha ein mykje større verdi enn om den vert utarbeidd basert utelukkande på faglege vurderingar.

 

Folkemøte

For at innbyggjarar og andre involverte skal få best mogeleg kjennskap om status i planprosessen og det vidare arbeid ynskjer ein å invitere til folkemøte nummer to  (siste folkemøtet i planprosessen) - på Landsbyhuset Breidablik tysdag 8 juni kl 19.00

Folkemøtet vil legge til rette for inspirasjon med gode døme på sentrumsutvikling, informasjon om planprosess, dialog om mål, utfordringar og løysingar. Norconsult vil på møtet legge fram nokre enkle forslag til plangrep på sjølve Larsneset, som grunnlag for vidare diskusjon om planløysingar.

Møtet vert gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernsreglar.

På folkemøtet vert det variasjon, inspirasjon, informasjon og diskusjon. Kom og sei di meining!

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70