Reguleringsplan for Larsnes sentrum - endringar etter 1. gongs utlegging - avgrensa høyring. Reguleringsplanen var lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tida 14.06.2022 - 06.09.2022. Innkomne kommentarar og motsegner er no handsama av kommunen og har ført til nokre mindre endringar i planen. Endringspunkta er merka i kart Larsnes sentrum - Endringar etter 1.gongsutlysing Her ligg kartet i PDF-format med teiknforklaringar. (PDF, 3 MB) Her finn du fleire saksopplysingar. Og her finn du heile saka. Sande kommune meiner at endringane ikkje rokkar ved det prinsipielle grunnlaget i forslaget som vart lagt fram i 1. gongs høyring. Hovudtrekka i nytt forslag viser at det er teke omsyn til grunngjeving for motsegner og ivaretaking av interesser i innspel frå andre berørte partar. Høyringssvar og frist Innspel til planen slik den ligg kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller på e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 03.02.23 Du kan også skrive ditt høyringssvar her - merk innspelet med saksnr. 19/10524 Publisert av Elin Rokstad Sist endra 05.01.2023 10:27