Reiseliv på ytre Søre- kva vil vi tilby?

Reiseliv på ytre Søre- kva vil vi tilby?

Sande kommune er med i ei felles satsing innanfor reiselivsområdet for dei fem kommunane her på ytre søre. I samband med dette vert det eit felles folkemøte for Sande og Vanylven. Invitasjonen går ut breitt til lag, organisasjonar, bedrifter og andre som kan tenkjast å kunne nyttiggjere seg satsinga. Folkemøtet er starten på eit prosjekt som vil gå utover våren, med klar målsetjing om å ende opp med konkrete tiltak.

Korleis bør vi løfte reiselivet i regionen vår? Kom på folkemøte for Sande og Vanylven

Torsdag  16.januar Åram skule kl 18.30  og gi dine innspel!

Tema: Produktutvikling av reiselivet i Sande og Vanylven

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven kommunar står i lag bak eit prosjekt som skal samle regionen i ei felles satsing på reiseliv.

Prosjektet skal knyte aktørar med felles interesser saman. Det skal skape nye aktivitetar og opplevingar for turistar i kommunane og på tvers av kommunegrensene.

Folkemøtet er for alle interesserte . Alle er velkomne på møtet, både privatpersonar, lag og kommersielle aktørar.

Kvifor , kva, kvar, når, kven og korleis?

På folkemøtet tek vi utgangspunkt i desse spørsmåla:

* Kvifor treng vi turistar?
* Kva har vi å tilby?
* Kvar og når vil vi ha turistar?
* Kven vil vi invitere?
* Korleis får vi tak i dei?

DISKUSJON OG INNSPEL

Tilhøvet mellom bærekraft og utvikling er også eit tema for møtet. På folkemøtet blir det diskusjon og høve til å gi innspel til den vidare prosessen. Det vil ikkje bli konkludert noko på møtet. Men alle innspela som kjem blir noterte og tekne med vidare. Bakgrunnen for prosjektet vert presentert.

Der er slike folkemøte for dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre òg.

Eit mål for prosjektet er at tilboda og attraksjonane ikkje berre vert utvikla for turistar, men for lokalbefolkninga òg. Slik kan lokalsamfunna verte meir attraktive og busettinga auke – under parolen «Ein god stad å bu og arbeide er ein god stad å vere gjest!»
 

PROGRAM:
18:30 Innleiing ved ordførar(ane)
18:45 Bakgrunn og hovedmål med prosjektet ved prosjekteigar/destinasjonsselskap
19:00 Innspel og diskusjoner leia av 2469 Reiselivsutvikling:
                      - Gjennomgang framdrift og prosess
                      - Spørsmål og svar
21:00 Avslutning


Folkemøta er tenkt som ein arena for diskusjon og innspel til den vidare prosessen med ei felles reiselivssatsing. Det vil ikkje bli konkludert noko på møta, men alt som kjem av innspel vil bli notert og teke med vidare.

Les meir om prosjektet her. (PDF, 275 kB)

Kontaktpersonar:

Vanylven: Tor Inge Nygård, tlf. 95 47 04 52 – post@vanylvenutvikling.no
Sande: Toril Urkedal, tlf. 46 80 77 71 – toril.urkedal@sande-mr.kommune.no