Retningsliner ved besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter frå 25.03.21 til og med 12.04.21

Klikk for stort bilete Sande kommune For å hindre at smitten skal spre seg til område i landet med lite smitte, innfører regjeringen etter råd fra Helsedirektoratet og FHI strengere nasjonale tiltak. 

Det er no innført råd om å halde 2 meter avstand til kvarandre. Dette fører til at Sandetun omsorgssenter har endra litt på besøksrutiner.

For å sikre godt smittevern ved Sandetun omsorgssenter, skal alle besøk foregå etter gjeldande retningsliner:

  • Besøkande kan ikkje kome på besøk, dersom ein er sjuk, jamfør nasjonale retningsliner.
  • Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, må så tidlig som mogeleg, ringe og gjere avtale med avdelinga i høve besøk.  Avdelinga samordner tidspunkta for besøka. Personell ved avdelinga vil følge besøkande  til/ frå pasienten sitt rom.
  • Besøket skal gå føre seg på pasienten sitt rom /leiligheit, ute på omsorgssenteret sitt område, eller på tilrettelagt besøksrom. Besøk kan ikkje gjennomførast i fellesareal i omsorgssenteret. Det er mogleg å gå tur rundt Sandetun omsorgssenter, eller ta ein biltur.
  • Det bør haldast minst 2 meters avstand, og dersom dette ikkje er mogeleg skal det brukast munnbind.
  • Ved besøk inne kan 2 kome på besøk i gongen, medan ein ved besøk ute, kan vere  4 besøkande. Besøket kan ikkje vare meir enn 2 timar.
  • Det er ikkje lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande.
  • Pårørande skal sprite hender før og etter besøk.
  • Det vert ført besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing, dersom det er naudsynt.
  • Ved alvorleg sjukdom hos pasienten, vert det framleis gjort eigne vurderingar i høve besøk.
  • Det er lov å ta med gåver, blomster osv.

Vi minner om at retningslinene er laga for å beskytte dei mest sårbare.  Alle som bur på Sandetun omsorgssenter er pr. definisjon i risikogruppa. Dei som bur her er i lag i fellesareala, så om ein pasient vert smitta, kan ein risikere at også andre vert smittta.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar
E-post
Mobil 959 18 965
Pleie og omsorg