Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet


Klikk for stort bileteGapahuk under oppføring - Djupelegeråsa Haugsbygda Sande kommune Sande kommune skal starte arbeidet med revisjon av handlingsdelen til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Ein vedteken plan/handlingsdel er ein føresetnad for å søkje om offentlig delfinansiering via ordninga med spelemidlar.

Vi inviterer hermed organisasjonar, lag og privatpersonar om å kome med innspel til tiltak/anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet. 

Du kan også lese meir her.

Frist for å kome med innspel er 21. september 2020.


Du kan bruke referansenummer 19/11374 på svaret ditt.

Innspel til det vidare planarbeidet kan sendast på skjema her

eller til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes.

Du kan også bruke epost postmottak@sande-mr.kommune.no