Rydde stranda i fineveret?

Rydde stranda i fineveret?

Strandrydding - Larsnes oppvekstsenter Sande kommune  Larsnes oppvekstssenter har rydda stranda i dag!

Dei har fått med seg at det er Strandryddeveke denne veka.  Vi fekk rapport frå elevane etter at dei hadde levert alt dei fann i den blå strandryddekontainaren bak rådhuset. 

Heldigvis var det ikkje så mykje boss i fjøra som tidlegare, sa nokon av elevane i det dei passerte rådhuset.  Dei gjekk tilbake til skulen og skulle finne ein plass til ryddehanskane sine. Dei er kjekke å ha neste gong dei skal ut på aksjon.

Vil du vere med på aksjonen har vi sekkar og hanskar til utdeling på rådhuset. Du kan gå åleine eller i lag med nokon. Laget du er med i kan også delta! Kontainaren står bak rådhuset til og med måndag 20.september.

Les meir om innsamlinga her.

Saman gjer vi havet og naturen reinare ! Din innsats gjer ein forskjell! 

Sande kommune