Samarbeidet om kulturskuleutvikling held fram

Klikk for stort bileteGitargruppe; Elias Kleppe Sebastian R

14. mars hadde Sande og Ulstein kulturskular sitt andre møte i utviklingsprogrammet i regi av Norsk kulturskuleråd.

Denne gongen var skulane samla på rådhuset i Sande. Til stades på møtet var lærarar, rektorar og skuleeigar.

Veileder, Ole Jakob Nedrebø frå Norsk kulturskuleråd, leia samlinga som hadde fokus m.a på utvikling av det profesjonelle læringsfellesskapet og prosessar som legg til rette for kulturskuleutvikling.

Kvalitetsutvikling

Programmet er eit tilbod til kommunar som vil etablere eit permanent arbeid med å utvikle kvaliteten i kulturskulen. Kulturskulerektorane Julianne Hauge i Ulstein og Susann Worren Hauge i Sande ønsker at satsinga skal utvikle 

  • engasjementet for å utvikle kulturskulane blant dei tilsette og skuleeigarane 
  • ein kollektiv undervisningskultur i tråd med rammeplanen 
  • ein lærande organisasjon 

Ny rammeplan

Utgangspunktet for programmet er at kulturskulane i landet har fått ein ny rammeplan -Mangfald og fordjupning. Planen skal bidra til at kommunane samarbeider meir om å utvikle kvalitet i arbeidet sitt.

Kulturskulane på Søre er i stadig på leit etter den beste arbeidsmetoden og vi ynskjer dei lukke til vidare i arbeidet sitt!