Sande får besøk av kongeparet


Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff  - Dette blir stas. Vi gled vi oss alle til besøket og er godt i gong med å planlegge for ein flott dag i vår kommune, seier ordførar seier Olav Myklebust.

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøkjer Møre og Romsdal i perioden 30. august til 1. september 2022. 

Fylkesbesøket startar i Fjord kommune på føremiddagen tysdag 30. august, og Sykkylven får besøk på ettermiddagen. Onsdag føremiddag kjem Kongen og Dronninga til Vanylven kommune og avsluttar dagen med å besøkje Sande kommune. Fylkesbesøket blir avslutta torsdag 1. september 2022 med besøk til Hareid kommune.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.