Sande kommune har ledig båtplass til leige ved Sandshamn fiskerikai

Sande Kommune  Her finn du informasjon viss du ønsker å leige båtplass med Sande kommune ved Sandshamn fiskerikai.

Sande kommune har no ledig båtplass på Sandshamn fiskerikai.

Prisen for leige: kr 1137,- pr. år

Prioritering ved søknad

Prioritet nr. 1

Leigetakar som eig eller har disposisjonsrett til fiskefartøy over 6 meter lengde, og som er merka i samsvar med merkeregisteret, samt at leigetakar skal vere registrert i fiskarmanntalet blad A eller B.

Prioritet nr. 2

Leigetakar som sjølv eig fritidsfartøy, og som har bustadsadresse i Sande kommune.

Prioritet nr. 3

Leigetakar som sjølv eig fritidsfartøy, og som har bustadsadresse utanfor Sande kommune.

Leigevilkår

Etableringsgebyr: Etableringsgebyr skal vere innbetalt før kaiplass vert tildelt. Etableringsgebyret er ein eingongskostnad, og den vert tilbakebetalt til leigetakar etter at leigeforholdet har opphørt.

Årsleige: Leigetakar skal betale årleg leige for kaia.

Leigeavtalens varigheit:

  • For leigetakarar med prioritet 1 gjeld leigeavtalen fram til oppseiing ligg føre.
  • For leigetakarar med prioritet 2 eller 3 er leigeperioden pr. kalenderår, med automatisk forlenging med nytt kalenderår om oppseiing frå ein part ikkje ligg føre.

Oppseiing av leigeavtalen:

  • Leigeavtalen seiast opp av partane. Slik oppseiing skal skje skriftleg. Oppseiingstida i slike tilfeller vert sett til 3 mnd.
  • Ved misslighald av leigeavtalen vert oppseiingstida sett til 1 mnd.
  • Oppseiing av leigeavtale pga leigetakar med høgare prioritet, vert fastsett med loddtrekning mellom leigetakarar med lavast prioritet.

Send søknad til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 1. september 2022