Sande kommune har ledig båtplass på Sandshamn fiskerikai.
Prioritering ved søknad
Prioritet nr. 1
Leigetakar som eig eller har disposisjonsrett til fiskefartøy over 6 meter lengde, og som er merka i samsvar med merkeregisteret, samt at leigetakar skal vere registrert i fiskarmanntalet blad A eller B.
Prioritet nr. 2
Leigetakar som sjølv eig fritidsfartøy, og som har bustadsadresse i Sande kommune.
Prioritet nr. 3
Leigetakar som sjølv eig fritidsfartøy, og som har bustadsadresse utanfor Sande kommune.
Leigevilkår
Depositum : Depositum på kr 27 185 og skal vere innbetalt før kaiplass vert tildelt og den vert tilbakebetalt til leigetakar etter at leigeforholdet er avslutta etter SSB sin prisindeks.
Årsleige: Leigetakar skal betale årleg leige for kaia. Leige er kr 405 pr m breidde på båtplass.
Til dømes vil ein båtplass med breidde 3 meter koste kr 1215 pr år.
Leigeavtalens varigheit:
- For leigetakarar med prioritet 1 gjeld leigeavtalen fram til oppseiing ligg føre.
- For leigetakarar med prioritet 2 eller 3 er leigeperioden pr. kalenderår, med automatisk forlenging med nytt kalenderår om oppseiing frå ein part ikkje ligg føre.
Oppseiing av leigeavtalen:
- Leigeavtalen seiast opp av partane. Slik oppseiing skal skje skriftleg. Oppseiingstida i slike høve vert sett til 3 mnd.
- Ved misleghald av leigeavtalen vert oppseiingstida sett til 1 mnd.
- Oppseiing av leigeavtale pga leigetakar med høgare prioritet, vert fastsett med loddtrekning mellom leigetakarar med lavast prioritet.
Send søknad til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 1.mars.